Det resulterte jo i at vi måtte glassere alt på nytt. Glasuren som no var tilgjengeleg var mykje betre og arbeide med, samt at den var lett å pensle på keramikken. Eg valgte fargen babyblå til båtfatet mitt, samt at eg blanda ein mørkare farge inn i den lyseblå. Eg håpar at eg får ein blåfarge som eg vert noko nøgd med. Også denne gangen passet vi på å ikkje få glasuren så langt ned at produktet vårt brenner fast i ovnen.
Flisene mine påførte eg blank glasur, med grønn glasur ned sjølve omrisset av bladet. Eg håpar at det skal gli fint inn i kvarandre.
På grunn av at den første glasuren ikkje virka, fekk eg ikkje sett fargen på glasuren før eg påførte den på båtfatet. Så prøveflisene og prøveprodukta mine vart ikkje hensiktsmessig brukt til prøving av farger, men eg glasserte også desse for å få eit bilete av korleis dei ulike fargane vart når dei var ferdig brent.
Dette vert det siste blogginlegget mitt om leire. Eg kjem ikkje til å få publisert eller sett på dei ferdige produkta mine før sjølve eksamensdagen. Årsaka til det er at eg er deltidsstudent og eg bur ikkje i Sogndal. Difor kryssar eg fingrane og håpar på det beste.
Bra biletedokumentasjon!! Trist med denne glasuren, men no skal du sjå det ordnar seg! Vert spennande å sjå dei ferdige produkta:-)
SvarSlett