Det å arbeide i ein skapande og utprøvande arbeidsprosess er svært
lærerikt. No skal det seiast at eg har svært lite positivt å seie om mitt eige
samarbeid med symaskina, og det var nettopp derfor eg valte å arbeide med
redesign og saum! Frykta måtte overvinnast! Eg starta med å finne fram eit
stoffstykke som eg ville lage ei utprøving av før eg tok til med det endelege
produktet. Her vart det ein del prøving og feiling. Eg starta med to stoffbitar
på ca. 12*20 cm. Deretter sydde eg dei saman med rettsaum og let toppen vere
open. Så bretta eg ned kanten for å få sy ein løpegang, merka av kvar eg ville
ha løpegangopninga min og sydde to saumar rett over posen. Så spretta eg opp
dei 2 cm mellom løpegangsaumen og skulle tre i eit band. I mangel på band, tok
familien min meg på fersk gjerning der eg stod i sofaen og klipte av 4 band som
eg meinte var alt for lange på ei lift-gardin. I nauda et fanden fluger...og
dette var jo eit nødstilfelle! Det eine lift-gardinbandet tredde eg inn i
løpegangen med ei sikkerheitsnål, dei andre skal sparast til seinare bruk. Eg
kjende at sjølvtilliten steig der eg arbeidde meg fram med snøreposen min!!
FERDIG! Medan eg sat der og studerte den fine snøreposen min vandra blikket
mitt bort på tunikaen som eg skal bruke i det endelege produktet mitt. Tanken
som ramla ned i hovudet mitt der og då var at stoffet i tunikaen var så mykje
tynnare enn det stoffet eg akkurat hadde jobba med. Snøreposen ville difor
ikkje verte like solid og fin som den utprøvinga eg akkurat hadde laga. Det
betydde at eg måtte til å sy ein ny pose med fôring inni.
 |
| Sy stoffbetane saman |
 |
| Ferdig sydd med løpegang |
 |
| Sprette opp for å få tre band i løpegang |
 |
| Tre i band. |
 |
| Ferdigsydd pose. |
Nytt forsøk: No klipte eg litt større bitar , ca.: 30*40 cm . I
mangel på stoff og framleis i naud rauk det no med ein gammal juleduk som
dessverre hadde fått seg ein omgang i vaskemaskina saman med raude gardiner.
Den lyserosa duken med nissar på skulle no vere utsida på posen, medan
møbelstoffet eg nytta i første utprøvinga skulle vere fôr. Både fòr og utsida
på snøreposen vart klipt i like store delar. Foret vart sydd saman med opning i
toppen. Deretter la eg nisseduk-bitane med vranga ned mot den vrange sida på fòret
og merka av med nåler kvar eg ville ha løpegangopningane mine. Eg sydde frå
topp og ned til starten på løpegangopninga, festa tråden og klipte av. Deretter
sydde eg frå nedre del av løpegangopninga, rundt til der løpegangen på andre
sida av posen starta, festa tråden og klipte av. Til sist sydde eg siste del av
posen. No var det opning til løpegang på begge sider av posen, eg måtte no
stryke press i stoffet og vrenge posen. Det som gjenstod no var å sy løpegangen
over posen. Då sydde eg to rette saumar rundt heile posen der
løpegangsopningane var. Saumane vart veldig skeive og fôret flytta seg inne i
posen., Her lærte eg at eg måtte markere med kritt og feste fôret med knappenåler
slik at det ikkje flyttar på seg når ein syr løpegangen. Når eg skulle tre i
band ville eg prøve å bruke to band som kunne knytast på begge sider av posen.
Dette vart både dekorativt, fint og lettare og snøre posen saman.
 |
| Større stoffbetar |
 |
Fôr og utside på pose er sydd saman. Ein del
av juleduken som var posens utside måtte klippast vekk. |
 |
| Her har eg opningen til løpegangen. |
 |
| Skeiv løpegang |
 |
| Løpegangshòlet frå utsida av posen |
 |
| Ferdig snørepose med dobbelt snøreband |
 |
| Ferdig utprøving |
No står det att å lage sjølve snøreposen min i det stoffet eg vil bruke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar