tirsdag 29. november 2016

Det endelege og siste produktet i redesign (Redesign del 4)

Det første eg ynskte å gjere når eg skulle til å sy snøreposen min var å gjere klar lomma. Eg hadde gjort ein stor feil då eg avslutta broderiet mitt, det var å sy ei ramme rundt broderiet mitt noko som gjorde til at eg ikkje hadde noko saumplass på broderilappen min. Det eg bestemte meg for å gjere då var å sy broderilappen inn i ei ramme av svart stoff(eine armen på tunikaen.) Det eg då gjorde var å klippe fire svarte lappar som eg sydde på broderilappen på alle fire sidene. Eg la retta på stoffet mot retta på broderiet, nåla fast og sydde med rett saum. Etter at eg hadde gjort det på alle fire sidene hadde eg fått ei ramme Det neste eg gjorde var å klippe eit like stort tøystykke som ramma mi var, legge retta mot retta og sy med rett saum rundt. Eg let det vere ei lita opning i den eine korte enden slik at eg fekk lomma etterpå. Undervegs var òg eg ein racer med strykejarnet for å få jamne fine kantar. 
Her målar eg opp kor stor eg vil ha
rammarundt broderiet mitt før eg
klipte opp delane til ramma.

Her har eg sydd rette
mot rette, og skal til å
vrengje lomma
Her er lomma ferdig sydd og
 plassertpå tøystykket som skal
verte ytterposen.


Måla på sjølve snøreposen er 34*40. Eg kritta måla opp på tunikaen og klipte ut stoffet. Deretter klipte eg ut to like store delar til fôret og. Eg sydde sikksakksaum rundt kantane på alle fire stoffdelane før eg gjorde noko meir, for så å sy lomma på der eg ville ha den. Akkurat der var eg litt i tvil sidan eg hadde ei side med metall-perler og ei utan. I sjølve broderiet hadde eg òg teke inn nokre metall-perler, og bestemte meg til slutt for å ha broderiet på den sida utan perler. Det og fordi eg ikkje ville skjule den fine metall-perle effekten med den store lomma.

No tok sjølve monteringa av snøreposen til. Eg la rettside mot rettside, festa med nåler og sydde med rett saum ca. 1 cm inn på stoffet. Symaskina var ikkje heilt einig med meg akkurat no, og eg forstod fort kvifor. Metall-perlene traff maskinnåla i hytt  og pine, noko som gjorde sjølve syinga vanskeleg.  I nedre del av posen ville eg prøve å lage ein «botn» på eit vis. Då tok eg hjørna i botn av posen og bretta dei vinkelrett inn mot midten av botnpartiet til eg fekk den ønska breidda eg ville ha, i dette tilfellet 4 cm. Festa med nåler og sydde ein rett saum. Etterpå klipte eg vekk det overflødige hjørnet. Etter at ytterposen var ferdig sydd, var det fôret sin tur. I foret måtte eg la det stå att ei opning for at eg skulle klare å vrenge posen til slutt. Elles fekk fôret same behandlinga med saum som ytterposen, berre ca. 1.5-2 cm inn på stoffet når eg sydde rundt kantane.
Her hadde eg merka av  og festa med
nåler der eg
skulle sy for å få ein botn i posen min

Her skal fôret få seg botn og!







Felles for begge posane var at vi måtte ha ei opning til løpegangen i toppen av posen. For å få det til sydde eg 4 cm frå opninga av posen og ned, festa tråden og klipte av. Deretter let eg det vere ei 3cm stor opning før eg fortsette å sy saman ytterposen og fôret kvar for seg. Når eg kom nesten rundt stoppa eg 7 cm frå toppen, festa tråden og klipte av. Deretter begynte eg å sy att, 4 cm frå toppen og sydde vidare heilt opp(sjå bilete).
Her ser vi korleis vi har laga opning
til løpegangen i fôret.

Her syast fôr og ytterpose sammen. 


 Når både fôr og ytterpose var ferdig, la eg posane med rettsida OG opningane mot kvarandre. Deretter sydde eg saman fôr og ytterpose med ein saum rundt toppen av posen før eg vrengde den gjennom hòlet i foret. Til sist sydde eg foret att. For å få ei fin kant på toppen av posen sydde eg ein rett saum rundt toppen av posen ca.0.3 cm frå toppen. Når eg sydde denne saumen var det svært viktig å passe på at fôret ikkje flytta seg i forhold til ytterposen, det fekk eg heldigvis til. No var posen i utgangspunktet ferdig, men løpegangen gjenstod. Den gjorde eg ferdig ved at eg sydde ein bein saum i overkant og underkant av opninga til løpegangen. Som band i toppen av posen valde eg å bruke dobbel snøring , det gjorde eg fordi på utprøvingane mine synast det var lettare å snøre posen saman, og det var meir dekorativt. Som snøreband prøvde eg ut å flette eit band av tjukt ullgarn, det vart ikje slik eg hadde tenkt . Det såg alt for tynt ut, og tok seg ikkje spesielt bra ut.
Ferdig sydd snørepose
utan band.

Måle opp kvar løpegangen skal syast.

Løpegangen vert sydd.

Band som er fletta av tjukt ullgarn.
Det passa ikkje inn, så eg må kjøpe eit band
som er litt tjukkare.

Ei kort oppsummering av skulehistorien

I 1739 vart det innført ei lov om at skule var obigatorisk for alle, men i byrjinga berre med ein omreisande lærar og faga kunst og handverk var ikkje ein del av skulekvardagen. Handarbeid og teikning kom ikkje på timeplanen før i 1889, då heitte det at faget skulle "utvikle forstanden like mye som manuelle ferdigheter". Måten dei utførte dette på var at elevane skulle kopiere modellar ved å teikne dei, og øve på å vere nøyaktig.
John Ruskin (1819-1900) ynskte at borna skulle utvikle sin sans for skjønnheit ved å studere kunst, då vart modellteikningane erstatta av natur, menneske og dyr. Seinare bygde Helga Eng(1855-1966) vidare på Ruskin. Ho var den første professoren i kunstpedagogikk.
Om vi ser på den tida, og dagens kunst og handverk kan vi sjå enkelte likheitstrekk. Elevane øver i dag som før på nøyaktigheit og flid, men i dag har elevane visse krav dei skal nå opp til. Desse krava er kompetansemåla som alle elevar skal vurderast i. Elevane i dag lærer meir i kunst og handverk enn dei gjorde før. No skal dei innom kunst, design og arkitektur på eit heilt anna nivå. 
Utviklinga innan faget har vore svært positiv.
.
Kjelder:
"Skolehistorie som bakteppe" Berit Slåttum.2016
Fagdidaktikk for Kunst og Håndverk, i går-idag-i morgen.Liv Merete Nilden.2009

tirsdag 22. november 2016

Utprøvingar og frykta for symaskiner ( Redesign del 3)

Det å arbeide i ein skapande og utprøvande arbeidsprosess er svært lærerikt. No skal det seiast at eg har svært lite positivt å seie om mitt eige samarbeid med symaskina, og det var nettopp derfor eg valte å arbeide med redesign og saum! Frykta måtte overvinnast! Eg starta med å finne fram eit stoffstykke som eg ville lage ei utprøving av før eg tok til med det endelege produktet. Her vart det ein del prøving og feiling. Eg starta med to stoffbitar på ca. 12*20 cm. Deretter sydde eg dei saman med rettsaum og let toppen vere open. Så bretta eg ned kanten for å få sy ein løpegang, merka av kvar eg ville ha løpegangopninga min og sydde to saumar rett over posen. Så spretta eg opp dei 2 cm mellom løpegangsaumen og skulle tre i eit band. I mangel på band, tok familien min meg på fersk gjerning der eg stod i sofaen og klipte av 4 band som eg meinte var alt for lange på ei lift-gardin. I nauda et fanden fluger...og dette var jo eit nødstilfelle!  Det eine lift-gardinbandet tredde eg inn i løpegangen med ei sikkerheitsnål, dei andre skal sparast til seinare bruk. Eg kjende at sjølvtilliten steig der eg arbeidde meg fram med snøreposen min!! FERDIG! Medan eg sat der og studerte den fine snøreposen min vandra blikket mitt bort på tunikaen som eg skal bruke i det endelege produktet mitt. Tanken som ramla ned i hovudet mitt der og då var at stoffet i tunikaen var så mykje tynnare enn det stoffet eg akkurat hadde jobba med. Snøreposen ville difor ikkje verte like solid og fin som den utprøvinga eg akkurat hadde laga. Det betydde at eg måtte til å sy ein ny pose med fôring inni. 
Sy stoffbetane saman
Ferdig sydd med løpegang
Sprette opp for å få tre band i løpegang


Tre i band.
Ferdigsydd pose.


Nytt forsøk: No klipte eg litt større bitar , ca.: 30*40 cm . I mangel på stoff og framleis i naud rauk det no med ein gammal juleduk som dessverre hadde fått seg ein omgang i vaskemaskina saman med raude gardiner. Den lyserosa duken med nissar på skulle no vere utsida på posen, medan møbelstoffet eg nytta i første utprøvinga skulle vere fôr. Både fòr og utsida på snøreposen vart klipt i like store delar. Foret vart sydd saman med opning i toppen. Deretter la eg nisseduk-bitane med vranga ned mot den vrange sida på fòret og merka av med nåler kvar eg ville ha løpegangopningane mine. Eg sydde frå topp og ned til starten på løpegangopninga, festa tråden og klipte av. Deretter sydde eg frå nedre del av løpegangopninga, rundt til der løpegangen på andre sida av posen starta, festa tråden og klipte av. Til sist sydde eg siste del av posen. No var det opning til løpegang på begge sider av posen, eg måtte no stryke press i stoffet og vrenge posen. Det som gjenstod no var å sy løpegangen over posen. Då sydde eg to rette saumar rundt heile posen der løpegangsopningane var. Saumane vart veldig skeive og fôret flytta seg inne i posen., Her lærte eg at eg måtte markere med kritt og feste fôret med knappenåler slik at det ikkje flyttar på seg når ein syr løpegangen. Når eg skulle tre i band ville eg prøve å bruke to band som kunne knytast på begge sider av posen. Dette vart både dekorativt, fint og lettare og snøre posen saman.


Større stoffbetar
Fôr og utside på pose er sydd saman. Ein del
av juleduken som var posens utside måtte klippast vekk.

Her har eg opningen til løpegangen.




Skeiv løpegang
Løpegangshòlet frå utsida av posen
Ferdig snørepose med dobbelt snøreband
Ferdig utprøving


No står det att å lage sjølve snøreposen min i det stoffet eg vil bruke.

Arbeidet med redesign er i gong (Redesign del 2)

Etter at eg hadde prøvd meg ut i ulike teknikkar som vev, tekstiltrykk og redesign, valde eg å arbeide med redesign. Eg fekk litt idear då eg rydda i kleskåpet mitt. Der fann ein tunika som aldri vert brukt, men som hjartet mitt hadde vondt for å kaste. Den måtte eg vel kunne bruke til noko anna. Eg vart og inspirert av eit besøk på dei Heibergske samlingar der vi fekk sjå broderi før og etter at industrien tok til med bruk av syntetiske fargar. Dei selde og diverse broderimønster i suvenirkiosken, eg reiste heim med eit slikt mønster i veska mi.
Tunika med mønster og metallperler

Nærbilete av metallperlene

Hefte med historie om handlinet på bilete, samt mønster
som eg vil ta utgangspunkt i.
No tok arbeidet til. Kva skulle eg produsere? Eg leitte etter inspirasjon på internett og studerte redesign med innslag av broderi. Medan eg prøvde ut, teikna og tenkte på korleis eg skulle nytte tunikaen best mogleg, måtte eg starte med broderiet mitt som eg ville ha som dekor på det ferdige produktet. Eg prøvde meg først fram med tekst i broderiform for å sjå om det var noko eg kunne bruke i kobinasjon med broderiet. Eg kom fram til at eg ikkje synast det passa inn, så eg la det fort vekk. 
Utprøving av tekst i broderiet
Eg tok utgangspunkt i mønsteret eg hadde kjøpt, men gjorde nokre endringar med fargane undervegs. Eg broderte òg inn nokre grøne perler for å gjere det litt meir spennande. Etter at eg var ferdig med broderiet tok eg til å studere tunikaen meir nøye, og etter litt fundering klipte eg laus nokre av metallperlene på tunikaen og sydde dei inn i broderiet mitt. 
Her skal metallperlene syast
fast i det ferdige broderiet
Første stinga i broderiet mitt

Ferdig sydde metallperler





tirsdag 15. november 2016

Refleksjonsnotat kring arbeidskrav om kunst og formkultur. (Refleksonsnotat arbeidskrav 3)

Arbeidskrav 3 skulle vere den innleveringa som den muntlege eksamenen vår skulle baserast på.
I arbeidskravet skreiv eg om endringane i produksjon av  brukstekstilar frå byrjinga til slutten av 1800 talet. Eg hadde som utgangspunkt tenkt og fokusere på plantefarging og overgangen til bruk av syntetiske fargar , men som det som ofte skjer så utvida oppgåva seg, og på sett og vis tok ho ei anna retning. Det eg enda opp med å skrive vart då brukstekstilar generelt på byrjinga av 1800-talet, kva tekstilar dei hadde, og korleis dei produserte dei. Deretter gjekk eg over til industrialiseringa og dei første fabrikkane vi hadde i Noreg. Eg såg på kvifor det var lønnsamt og drive fabrikk, og korleis bøndene no nytta råstoffa sine som dei vanlegvis hadde nytta til eigen produksjon av produkt.

Årsaka til at eg enda opp med akkurat denne problemstillinga var mi glød for historie. Eg synast det er så spennande og sjå forskjellen på plantefarga tekstilar og syntetisk farga tekstilar. Etter eit besøk på Dei Heibergske samlingar saman med høgskulen, tok eg meg i å undre meg over kor store forskjellar det var på fargane på produkt i dei ulike utfalla av farging, og at bruken av ull og lin var det som dominerte tidleg 1800-tall. Når eg byrja å skrive på oppgåva, og lese på aktuelle kjelder gjekk det små lys opp for meg heile tida, og informasjonen eg fann hjelpte meg å underbygge tankar eg hadde om dette. Ved hjelp av historie om levesettet til menneska i Noreg på tidleg 1800-tal innsåg eg med eitt kvifor bruken av ull og lin dominerte dei norske brukstekstilane.  

Dette var ei oppgåve eg vart inspirert av å skrive, eg har lese mykje og vore engasjert i arbeidet mitt. Problemet mitt var å «snevre» inn stoffet mitt slik at eg fekk plass til alt eg hadde med. I bøker og nettartiklar fann eg mykje stoff om tida før industrialiseringa, om plantefargar og kva konsekvensar industrialiseringa fekk for Noreg. Eg fann og mykje informasjon om kva type tekstilar dei ulike fabrikkane produserte og kva anna produksjon dei dreiv med som fargeri, spinneri, bleikeri og liknande. Det eg sitt att og kjenner på etter at eg er ferdig med oppgåva er at eg verkeleg kunne tenkt meg å lese meir om kva typar maskiner som vart nytta i tidleg produksjon i Noreg,  og korleis produksjonen gjekk for seg. Dette var svært vanskeleg og finne noko om, og eg ville gjerne ha tileigna meg meir kunnskap om dette for å få det store bilete av kor stor endringane av brukstekstilar verkeleg var.

Eg har lært mykje ved å arbeide med denne oppgåva, samt starta og reflektere over kvifor heimestrikka genserar har ein så mykje større verdi, enn ein genser eg har kjøpt for 300 kr på Cubus. Eg kjenner på at eg gjerne vil lære meir om produksjon av ullgarn, plantefarging, og bruke mykje av denne kunnskapen om arbeid med ull vidare til arbeidet mitt som framtidig kunst og handverklærar. Der er så mange moglegheiter der vi kan nytte dette i lys av kompetansemåla, og bruk av historia som tverrfaglege arbeid i barneskulen. 

mandag 14. november 2016

Ikkje alt går etter planen. (Leire del 4)

Etter mykje arbeid med glassering av leira vår viste det seg at den glasuren vi hadde brukt ikkje virka. Resultatet vart at deler av det vi hadde glasert var blankt, og deler av det vi hadde glasert hadde ei overflate som var like "ru" som før glassering. Enkelte stader kunne ein sjå ei lita antydning til farge, men stort sett kan vi sei at glasseringa var missluka.

Det resulterte jo i at vi måtte glassere alt på nytt. Glasuren som no var tilgjengeleg var mykje betre og arbeide med, samt at den var lett å pensle på keramikken. Eg valgte fargen babyblå til båtfatet mitt, samt at eg blanda ein mørkare farge inn i den lyseblå. Eg håpar at eg får ein blåfarge som eg vert noko nøgd med. Også denne gangen passet vi på å ikkje få glasuren så langt ned at produktet vårt brenner fast i ovnen.
Flisene mine påførte eg blank glasur, med grønn glasur ned sjølve omrisset av bladet. Eg håpar at det skal gli fint inn i kvarandre.

På grunn av at den første glasuren ikkje virka, fekk eg ikkje sett fargen på glasuren før eg påførte den på båtfatet. Så prøveflisene og prøveprodukta mine vart ikkje hensiktsmessig brukt til prøving av farger, men eg glasserte også desse for å få eit bilete av korleis dei ulike fargane vart når dei var ferdig brent.



Dette vert det siste blogginlegget mitt om leire. Eg kjem ikkje til å få publisert eller sett på dei ferdige produkta mine før sjølve eksamensdagen. Årsaka til det er at eg er deltidsstudent og eg bur ikkje i Sogndal. Difor kryssar eg fingrane og håpar på det beste.




SLUTTNOTAT: Når eg no skulle stille ut dei endelege produkta mine i keramikk, såg eg at alle produkta var skjoldete. Kvart penselstrøk med glasuren viste og eg var slett ikkje nøgd. Når eg tidlegare har arbeidd med glasering av keramikk har vi dyppa keramikken i glasur. Då får vi eit mykje jamnare og glattare resultat.