Arbeidskrav 2
gjekk ut på at vi skulle designe og produser et arbeid i tekstil som vi kunne
ha på oss eller bruke i interiør som et
kvardags produkt til pryd eller nytte.
Vidare kunne vi
velje om vi ville utføre oppgåva i redesign av gamle tekstilplagg eller produkt
i sømteknikk. Vi kunne òg velje å fordjupe oss i tekstiltrykk eller vev.
| Tekstilar vi valte til utprøving av redesign |
| Ferdig sko-pose i redesign. |
Vi fekk prøve ut
både redesign , tekstiltrykk og vev på skulen. Eg likte svært godt å arbeide med desse
metodane og ser at dette er noko vi kan arbeide med på skulen saman med elevar.
I følgje læreplanen skal eleven allerede etter 2. årstrinn kunne :
"lage enkle gjenstander og former i papir og tekstil gjennom å rive, klippe, lime, tvinne og flette"
Når vi arbeidde
med tekstiltrykk fekk vi først litt innføring i tekstilfargar. Nokre fargar går
inn i tekstilen medan andre ligg utanpå som ei «hinne». I skulesamanheng vert
det ofte kjøpt inn «billige» fargar som ikkje trekk inn i tekstilen.
| Her er ramma plassert over tekstilen og vi dreg over malinga med ein rakel. |
Når vi skulle til
å arbeide med tekstiltrykk brukte vi teknikken som heiter silketrykk. Det første vi gjorde var å lage oss ein stensil i eit kraftig papir som ikkje vart øydelagt
i prosessen. Vi klipte ut stensilen på samme måte som vi klipper «snøkrystallar» i
teikneark. Nærare forklart ved å brette papiret symetrisk fleire gonger for så
klippe ulike former i det, deretter bretta vi det ut att. På den måten får vi ein stensil med eit symmetrisk mønster. Denne stensilen skulle vi feste med tape på ei silkeramme. Ei
silkeramme er ei tre-ramme som det er spent ein polyesterduk over. Deretter
festa vi fast tekstilen vi skulle bruke til eit bord(som ideelt sett er ei skumgummitrekt plate som igjen er dekka med ein voksduk) la silketrykk
ramma over tekstilen, tømte ei passe mengd med tekstilmaling oppi ramma på eine kortsida.
Deretter brukte vi verktøyet "rakel" for å dra malinga over tekstilen. Denne
prosessen skal gjerast først til eine sida, så til andre sida, og deretter skal
silketrykkramma fjernast. Dersom ein gnir malinga over feire gonger er det fare
for at malinga lek utanfor sjablongen du har laga. Dette var ein artig teknikk
som eg absolutt kunne tenke meg å lære meir om ,men pga. både tid og lokala eg
har tilgjengeleg måtte eg desverre velje vekk denne teknikken til arbeidskrav 2.
| Ei ferdig utprøving av tekstiltrykk. |
Redesign er noko
eg har arbeidd lite med, så her får eg utfordra meg sjølv. Vi arbeidde litt med
det på skulen der vi skulle plukke ut nokre gamle avlagde tekstilar som vi
skulle prøve å produsere noko nytt av. Inspirasjonen
min fekk er delvis då eg rydda i kleskapet mitt og delvis då vi besøkte dei
Heibergske samlingar på Kaupanger. Eg skal lage noko i redesign med innslag av eit
mønster frå 1930-talet i krossting. No gjenstår berre å gjere litt utprøvingar i tillegg til dei eg har gjort på skulen for å ha eit godt utgangspunkt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar