mandag 17. oktober 2016

Redesign (redesign del 1)

Arbeidskrav 2 gjekk ut på at vi skulle designe og produser et arbeid i tekstil som vi kunne ha på oss eller bruke i interiør som et  kvardags produkt til pryd eller nytte.
Vidare kunne vi velje om vi ville utføre oppgåva i redesign av gamle tekstilplagg eller produkt i sømteknikk. Vi kunne òg velje å fordjupe oss i tekstiltrykk eller vev.

Tekstilar vi valte til utprøving
 av redesign
Ferdig sko-pose i redesign.
Vi fekk prøve ut både redesign , tekstiltrykk og vev på skulen.  Eg likte svært godt å arbeide med desse metodane og ser at dette er noko vi kan arbeide med på skulen saman med elevar. I følgje læreplanen skal eleven allerede etter 2. årstrinn kunne :

"lage enkle gjenstander og former i papir og tekstil gjennom å rive, klippe, lime, tvinne og flette"



Når vi arbeidde med tekstiltrykk fekk vi først litt innføring i tekstilfargar. Nokre fargar går inn i tekstilen medan andre ligg utanpå som ei «hinne». I skulesamanheng vert det ofte kjøpt inn «billige» fargar som ikkje trekk inn i tekstilen.
Her er ramma plassert over tekstilen
og vi dreg over malinga med ein rakel.
Når vi skulle til å arbeide med tekstiltrykk brukte vi teknikken som heiter silketrykk. Det første vi gjorde var å lage oss ein stensil i eit kraftig papir som ikkje vart øydelagt i prosessen. Vi klipte ut stensilen på samme måte som vi klipper «snøkrystallar» i teikneark. Nærare forklart ved å brette papiret symetrisk fleire gonger for så klippe ulike former i det, deretter bretta vi det ut att. På den måten får vi ein stensil med eit symmetrisk mønster. Denne stensilen skulle vi feste med tape på ei silkeramme. Ei silkeramme er ei tre-ramme som det er spent ein polyesterduk over. Deretter festa vi fast tekstilen vi skulle bruke til eit bord(som ideelt sett er ei skumgummitrekt plate som igjen er dekka med ein voksduk) la silketrykk ramma over tekstilen, tømte ei passe mengd med tekstilmaling oppi ramma på eine kortsida. Deretter brukte vi verktøyet "rakel" for å dra malinga over tekstilen. Denne prosessen skal gjerast først til eine sida, så til andre sida, og deretter skal silketrykkramma fjernast. Dersom ein gnir malinga over feire gonger er det fare for at malinga lek utanfor sjablongen du har laga. Dette var ein artig teknikk som eg absolutt kunne tenke meg å lære meir om ,men pga. både tid og lokala eg har tilgjengeleg måtte eg desverre velje vekk denne teknikken til arbeidskrav 2.


Ei ferdig utprøving av tekstiltrykk.
Vev er ein arbeidsform eg har vore borti før. Vi kan kort fortalt sei at veving er samanbinding av to trådsystem som kryssar kvarandre vinkerett. Dei langsgåande trådane som er festa fast i veven kallar vi renningar, medan dei trådane vi brukar å jobbe med kallar vi for innslagstråd. Vi fører innslagstrådane under og over renningane i eit system som til slutt gjev oss eit ferdig produkt i form av ein løpar, ei fillerye, eit skjerf eller liknande.  Vi laga kvar våre vevar i papp der vi spente renningen opp på ei papplate som vi bøygde opp i kantane. Dette er ein arbeidsmåte som fungera kjempebra for dei minste elevane på skulen, det er òg eit materiale og ein måte å designe eit produkt på som passar inn i læringsmåla alt etter 2.årstrinn. Hadde eg hatt tilgang på større vevar på skulen der eg jobbar, hadde eg nok valt dette som prosjekt til arbeidskrav 2. 
Her er veven eg prøvde ut på skulen.
Redesign er noko eg har arbeidd lite med, så her får eg utfordra meg sjølv. Vi arbeidde litt med det på skulen der vi skulle plukke ut nokre gamle avlagde tekstilar som vi skulle prøve å produsere noko nytt av.  Inspirasjonen min fekk er delvis då eg rydda i kleskapet mitt og delvis då vi besøkte dei Heibergske samlingar på Kaupanger. Eg skal lage noko i redesign med innslag av eit mønster frå 1930-talet i krossting. No gjenstår berre å gjere litt utprøvingar i tillegg til dei eg har gjort på skulen for å ha eit godt utgangspunkt.

Glasering av leire. (Leire del 3)

Slik såg kantane på båtfatet ut etter
tørking og før brenning.

Eg pussa kantane på fatet  for å få
rundare kantar på fatet. Til det brukte
eg sandpapir. 


Etter at leira var brent var det tid for glasering. Glasering av keramikk gjerast etter at leira har vore råbrent. Vi brukte ein type glasur som kom i pulverform og som skulle rørast ut i vatn til ein mjølkeliknande konsistens. Glasuren kan påførast keramikken på ulike måtar. Ein kan male glasuren på keramikken, men ein kan òg dyppe den i glasuren eller helle glasur over. Glasuren legg seg over keramikken som eit  pulverlag som smeltar i omnen. Det er viktig å tørke eller skrape av all glasur på undersida av keramikken, elles set den seg fast i omnen. Ein bør òg la det vere ca 1 cm frå botn av produktet som ikkje er glassert sidan glasuren smeltar og vert rennande i omnen. Om ein påfører flasuren for langt ned mot botnen kan vi rissikere at det brenn seg fast inne i omnen.

Båtfatet fekk seg endå ein omgang med sandpapiret, deretter måtte eg ta eit fargeval når det kom til glasering. Eg ville difor ikkje påføre glasur på båtfatet før etter at eg hadde gjort nokre prøvefargingar utprøvingane mine. Eg ville ha ein blåfarge på fatet , men ikkje kva som helst slags blåfarge.

Etter at flisene mine var ferdig brent hadde alle tre fått ein liten bøy i hjørna, så dei vart ikkje heilt slik dei skulle. Eg burde nok ha laga nye, men eg bestemte meg for å halde på dei tre flisene eg hadde. Kanskje dei hadde vorte heilt flate dersom eg hadde snudd dei under tørkeprosessen.  Etter å ha studert prøveflisene mine, då spesielt den eg hadde brukt begittning på var eg glad for at eg ikkje hadde brukt denne teknikken på flisene mine. Penselstrøka viste og det gav ikkje den overflata eg ynskte på flisene. Eg pussa dei ferdigbrente flisene lett rundt kantane med sandpapir før eg la grøn glassur ned i omrisset og inni sjølvet lauvet på flisene. Her tok eg ein sjans med glasur før eg hadde sett nokre utprøvingar med grønt, det var fordi vi berre hadde ein grønfarge og det var det eg ville ha på lauva mine. Resten av flisene pensla eg med blank glasur og håpar at glasuren skal gå litt i kvarandre under brenning.

Bilete av prøveflisa mi, eit fat med teksturprøving og flisene mine som er klar til glassering. 

Første steg i designprosessen med leire som materiale. (Leire del 2)

Etter mykje utprøving med materialet leire skal eg no arbeide meg vidare med to konkrete oppgåver med leire som materiale. Arbeidet med oppgåvene skal utførast i designutvikling.  
                                
Oppgåve nr. 1 var å designe å produsere eit objekt eg kunne servere noko i eller  på. Her kjende eg at eg vart litt usikker. Eg prøvde å tenke både praktisk og mindre praktisk. Kva skulle eg servere og til kven? Først laga eg eit enkelt flatt fat i plateteknikk. Fatet hadde hjertestruktur, og var svært enkelt. Dette var som ei utprøving, og då eg såg at dette var ein enkel prosess bestemde eg meg for å ta steget litt vidare, og gjere det litt meir avansert. 

Dette fatet lagde eg i ein utprøvande
fase for å sjå om eg kunne bruke tekstur
i botn av eit fat.
Etter mykje tenking og arbeid i sketchboka mi bestemde eg meg for å lage eit båtfat til servering av reker og anna skaldyr. Eg ville prøve å få fram noko som seier litt om meg og familien min, og sidan mannen min er fiskar ville eg prøve å få til ein båt. Båten representerer ein del av kvardagen vår. Teknikken eg bestemde meg for å bruke var plateteknikk, då eg òg ser at denne metoden er grei å bruke for å få ein jamn tjukkelse på produktet. Eg kjevla ut eit stort emne av leira etter at eg hadde jobba ut eventuelle luftbobler. Eg brukte også her eit par lister med jamn høgde som eg plasserte kjevla oppå for å få eit jamt resultat. Deretter la eg plastfolie over ei glasform eg hadde. Leireemnet var lagt utanpå plastfolien og deretter arbeidd jamt på plass til eg fekk det resultatet eg ynskte. Deretter vart fatet sett til tørk. Det stod i eit mørkt og kjølig rom. Eg la eit stort stykke plast laust over for at leira ikkje skulle sprekke, slik stod det i ei veke før eg fjerna forma som heldt leira på plass. Deretter tørka det i halvanna veke til. Etter at fatet var ferdig tørka brukte eg fint sandpapir til å få vekk dei stygge kantane, og lage runde fine kantar. 

Først prøvde eg å legge plastfolie inne i fatet,
men eg fann fort ut at det var best å legge
den utanpå fatet.








































Oppgåve nr.2 gjekk ut på å designe og produsere 3 veggfliser med dekor. Flisene skal vere i ein serie med ein visuell slektskap, og kravet til storleik er at dei skal vere 15 X 15 cm. Vidare skal dei ha ein dekor som vi sjølv vel. Under arbeidet med flisene var det svært viktig å få dei jamne. For å få hjelp til det måtte eg finne to lister med ca. 1-1.2 cm høgd som eg plasserte ved sida av leira eg hadde arbeidd ut. Deretter plasserte eg kjevla oppå desse listene når eg kjevla. På den måten fekk eg ei jamn overflate som ikkje vart tynnare enn ca. 1 cm minus krympinga på 10-15% som er normalt under tørking og brenning av leire. Etter at eg hadde fått kjevla ut og skore til flisene mine på om lag 17 cm x 17 cm (medberekna krymping) skulle dekoren på plass. Etter å leita etter inspirasjon på det store internett, og etter å ha prøvd ut ulike typar tekstur og mønster bestemte eg meg for å lage eit enkelt lauv på flisene. Dette lauvet skulle trykkast på flisene og deretter skulle omrisset forsterkast med ei nål.

Utprøving av ulik tekstur
Eit lauv som tekstur gav litt svak tekstur...
...så då teikna eg opp linjene med ei nål
To av tre ferdige fliser. Klar til tørking og brenning.

 Etter dette skulle alle produkta til råbrann. 

Medan eg arbeidde med dette arbeidskravet kjende eg på at dette er noko elevane kan bruke i kunst og handverk. Når eg vidare såg nærare på læreplanen i kunst og handverk vurderte eg det slik at elevar allerede etter 2.årstrinn burde ha vore borti design innan leire som materiale. Dei teknikkane vi har vore innom i arbeidet med leire er absolutt noko eg vil ta med meg inn i arbeidslivet mitt som kunst og hanverkslærar.

tirsdag 11. oktober 2016

Oppgåve med redesign på skulen

Som ei felles oppgåve på skulen skulle vi finne tekstilemner som vi vidare skulle bruke til eit redesigna produkt. Vi plukka ut eit blått laken og ei svart t-skjorte. Tekstenpå t-skjorta var "Love is power", der fargen på bokstavane var knallgrønn. Vi prøvde oss fram og prøvde først å lage ei blå veske med trykket på t-skjorta som dekor, men landa på ideen om å lage ein "sko-pose" av den svarte t-skjorta med blått fòr inni. Vi tok òg i bruk ei svart bukse der vi brukte lommene som dekor på veska og bukselinninga som dekor på toppen av veska.

Først sydde vi igjen bunnen på t-skjorta, tilpassa fòret og sydde det på plass inne i skjorta.  Så opna vi skjorta på toppen slik at vi fekk sydd på ei gammal bukselinning som vi kunne tre eit band i på toppen av sko-posen.  Bandet laga vi av eit laken som vi reiv opp i strimmlar og fletta saman til eit band.


Sluttproduktet vår vart sydd på ein time. Slik kan ein skape eit nytt produkt av gamle tekstiler.

Heidi-Beate og Lovinda