søndag 11. juni 2017

Arbeidskrav 2 - stedsanalyse.

I arbeidskrav 2 fekk vi i oppgave å velge oss ein stad. Denne staden skulle vi presentere i form av fotografi. Vi skulle presentere fotografia med eit "poetisk blikk", og kvart bilete kunne ledsagast av maks 5 ord. I tillegg til dette skulle vi definere begrepet poesi og lage ein faktaboks om staden vi hadde sett oss ut.

Eg hadde det klart for meg med ein gong kva stad eg skulle velge. Årsaken til at eg ikkje trong tenketid er at dette er min favorittplass både vinter som sommar. Plassen eg ville sjå på med eit poetisk blikk er sjøtomta vår. Den er full i gamle verktøy, fiskeredskap og sjølukt. Den er ikkje henta frå noko interiørblogg, her er det gamle solstolar , pukkstein og barneminner. Men det som er det beste med denne staden er at her er det absolutt ingen mobildekning. Så i denne digitale tida der ungdommane går med nasen ned i ein skjerm til stadigheit, då er det supert og få dei med på ein tur til sjøen. Her vert blikket meir heva, vi har gode samtalar og vi ser kvarandre.

Om sommaren flyttar vi nesten ned hit, vi brukar naustet som ei "eksta stove" , medan på vinterstid er det spennande og snike nasen framom hjørnet på naustet for å sjå på vinterstormane.





onsdag 31. mai 2017

Arkitektur i nærmiljøet, bygging av modellar (del 4)

Å klargjere plata som modellen skal stå på:
Sidan eg bestemte meg for å bygge huset og fjøsen i målestokk 1:50 rekna eg ut at avstanden mellom kvar terrengkurve måtte vere 2 cm. Eg fekk difor tak i nokre 2cm isoporplater som eg skulle bygge terrenget mitt i. Etter at eg hadde funnet kartet og teikna opp den delen av kartet eg skulle ha med på modellen min måtte eg til med litt rekning. Eg måtte rekne ut og måle kvar terrengkurvene skulle starta og slutte på isoporplata mi. Deretter teikna eg opp terrengkurvene på eit stort papir og festa fast papiret på ei av isoporplatene. Det neste eg gjorde var å klippe vekk ei kurve og teikne konturane av den kurva på isoporplata før eg skar vekk den delen som eg ikkje skulle brukast (sjå bilete).




Deretter gjentok eg prosessen til eg hadde fått teikna alle kurvene ned på isoporplatene. Til slutt kunne eg lime alle isoporplatene oppå kvarandre , og så hadde eg terrengkurvene mine.

Etter at eg hadde limt saman terrenget mitt, skar eg ut plassen der huset og fjøsen skulle stå. Grunnen til at eg skar desse områda ut var at eg ville lime grunnmuren ned i terrenger og berre «tre» huset ned på grunnmurane etter at huset og fjøsen var klar. På sjølve huset går grunnmuren ganske jamt med veggane på huset, eg fann difor ut at dette var ei god løysing.

Det neste eg gjorde var å skjære kurvene litt flate og avrunda slik at konturane mellom isoporplatene ikkje var så tydelege. Det var eit tidkrevjande arbeid, og heilt jamnt vart det ikkje. 




Eg målar opp og skjær ut delane til huset og fjøsen:
Når eg skulle til å skjere ut delane til huset og fjøsen hadde eg mykje nøyaktighets arbeid framfor meg. Eg brukte måla eg hadde fått når eg rekna ut i målestokk 1:50, teikna dei opp på «foamboard» og skar delane ut med ein skarp tapetkniv. Eg skar ut vindauga òg slik at eg kunne lime på lister og sprossar når eg skulle arbeide vidare med huset. Eg fann ut at dette vart mykje finare enn å male på vindauge.







Å legge kledning på huset og fjøsen:
Då eg skulle til med å legge kledning på huset måtte eg tenke litt. Skulle eg la husa vere kvite? Skulle eg male arkitektpappen i den fargen som huset hadde og deretter teikne opp konturane av kledningen? Eg arbeidde lenge med denne delen i hovudet mitt før eg fann dekorpapp i tilnærma lik farge til både huset og fjøsen. Eg rekna ut ca. mål på kledninga og begynte å kutte pappstrimlar. Det var mykje putlearbeid, men eg bestemte meg for å halde fram. På nokre av veggane vart det fleire kledningsbord enn det er i verkelegheita, men det må ein rekne med når ein jobbar i så liten målestokk. Eg dekka alle veggane på både fjøsen og huset med desse papirstrimlane. Resultatet vart ganske bra, og sjølv om det er bittelitt skeivt og skakt, så er det jo slik huset ser ut den dag i dag.


Når vindauga og resten av detaljane skal på plass:
Etter at kledninga var på plass måtte eg få til listene rundt vindauga og detaljar elles. Det første eg gjorde var å måle opp kvar sprossene i alle vindauga skulle vere, og så fekk eg limt dei på. Så limte eg saman listene, og klipte dråpepynten i enden av sidelistene ut for hand. Det same gjorde eg med lista over vindauge og dråpepynten under den. Dette klipte eg ut for hand, noko som var svært vanskeleg sidan det skulle vere så lite.






Å setje saman huset og fjøsen:
Omsider var alle delane på alle veggane klare. Det neste som skulle gjerast var å montere huset saman. Til dette brukte eg limpistol. Eg limte alle veggane saman , både huset og fjøsen. Det siste eg gjorde var å lime på delane som var skorne ut til taket. Taket var enno ikkje heilt ferdig, så det var enno kvitt. Eg bestemte meg for å bruke bølgepapp til det. Men bølgepapp finnast i mange ulike storleikar, og den første eg kjøpte inn viste seg å vere alt for stor. Eg fann då ein type som hadde mindre bølger, så eg prøvde den på og var nøgd. Etter at eg hadde limt på taket og passa det til, måtte det få farge. Taket på huset er rødt og taket på fjøsen er grøn. Slik det står i dag er det slite og flekkete, men eg bestemte meg for å male det jamt og fint slik det burde sjå ut! Litt utprøvingar med fargar vart det før eg fann den fargen eg kjende var mest riktig.



Dei siste detaljane på hus og fjøs:
Litt detaljar stod enno att. Baksida på fjøsen mellom anna har ikkje panel. Årsaka til det er at det er ei gammal lafta husmannsstue som er bygd på, og resten av denne veggen er berre bølgeblekk. Som tidlegare nemnt så stod det ein gammal utedo der bak, men den har ramla ned og eg finn ikkje bilete av korleis den oprinneleg såg ut. Eg valde difor å ikkje bygge den utedoen, samtidig tok eg valet om å ta vekk den delen av doen som framleis står. Det er den delen som ser ut som ein forlenging av endeveggen utan vindauge.


Grunnmuren skal festast til plata:
Etter at eg hadde markert kvar huset og fjøsen skulle stå på plata, rekna eg ut kor høg grunnmuren på huset måtte vere i front. Deretter  skar eg ut grunnmuren i same mål som huset si grunnflate, limte delane saman for så å lime den fast på isoporflata. Grunnmuren mala eg grå og fekk skore ut vindauge og døra. Deretter limte eg på foamboard på innsida av grunnmuren ca 2 cm over kanten på grunnmuren. På den måten kunne eg berre tre huset utanpå grunnmuren når eg skulle stille det ut. Fjøsen satt eg direkte nedpå plata, og så limte eg på stein i front slik at det såg ut som det var oppmurt grunnmur slik som på originalen. Eg laga og dører som i grunnmuren og på baksida.
















Ferdigstilling:
Når huset var ferdig og plassert på plata si såg det slik ut: 




 Refleksjon kring bruk i skulen:

I læreplanen skal elevane arbeide med arkitektur allereie etter 2. årstrinn. Under hovudområdet i arkitektur i læreplanen etter 7. årstrinn står det mellom anna at kunnskapen om det fysiske nærmiljøet skal stå sentralt. Der skal elevane få kunnskap om korleis bygningskulturane, inne- og uterom, kan påverke kvardagen vår. Dei skal òg gjennom teikning og bygging av modellar i målestokk kunne danne seg eit grunnlag for å førestille seg tredimensjonale rom ut i frå teikningar og dataanimasjonar. 
Den oppgåva vi no har jobba med i arbeidskrav 1 er ei oppgåve eg absolutt tenker ein kan gjere med elevane på barneskulen, men likevel var den såpass krevjande at eg ville ha venta til elevane kom opp på 5., 6., eller 7. årstrinn. Kompetansemål etter 7.klasse seier: 
·         bygge modeller av hus i målestokk med utgangspunkt i egne arbeidsteikningar
·         montere utstillingar og andre presentasjonar i ulike typar rom
·         beskrive særtrekk ved bygningar i nærmiljøet og samanlikne med nasjonale og internasjonale stilretningar
     (henta frå udir:  
https://www.udir.no/kl06/KHV101/Hele/Kompetansemaal/etter-7.-arstrinn


Om det vert nytta papp som byggemateriale er det lettare å få riktig farge på husa, og vindauga kan malast direkte på veggane. Om ein arbeidar med ein 7.klasse kan ein arbeide i den prosessen som eg har gjort med denne oppgåva, men tilpasse den enkelte elev og deira forutsetningar. Dei kan jobbe tverrfagleg og bruke matematikktimane til å rekne ut måla på veggane i målestokk. Arkitektpapp er noko dyrt å kjøpe inn, men eit fint materiale å arbeide med for større barn. Ein kan og rett og slett bruke treverk. Det viktige er å ta seg tid til å arbeide med dette, og la elevane få studere, prøve ut og få utfalde seg. 

mandag 29. mai 2017

Arkitektur i nærmiljøet, bygging av modellar (del 3)

Her prøver eg ut plassering av hus
 på ei plate.
Her har eg teikna opp konturane av
hus og fjøs på plata.
Eg har i fleire dagar stonga hovudet i veggen. Eg klarar ikkje å velge ut målestokken eg vil nytte på bygningen min. Arkitekt Gunnar foresler at eg kan ta med fjøsen/løa saman med "Antona-huset" sidan det står så tett opp i huset og høyrer på ein måte saman med huset. Problemet då vert at eg må heilt ned i målestokk 1:50 for å få plass på 600mm * 600mm. Eg synast då at huset forsvinn litt. Etter mykje tenking, rekning og frustrasjon måtte eg prøve ein annan vinkling på problemet mitt. Eg teikna opp grunnflatene på ei isoporplate med måla 600mm * 600 mm, eg snudde og vendte på husa, men ser at husa vert svært små. Så kva gjer eg? Lagar eg huset så stort at fjøsen forsvinn? Eller lagar eg dei så små at eg får plass til alt?

Etter ein samtale med svigermor, som er eit levande leksikon når det gjeld lokalhistorie, fekk eg greie på at fjøsen eigentleg er ein gammal husmannsbolig. Den vart bygd om til fjøs etter at "Antona-huset"vart bygd, så det har budd folk på dette g.nr i lang lang tid. Dette hjalp meg litt med avgjerdsla mi, I tillegg hadde eg enno ein samtale med arkitekt Gunnar Hageberg om kvifor eg ynskte å ta med fjøsen òg. Han meinte at det var eit godt val sidan den fjøsen oprinneleg var bustadhuset på plassen, noko ei husmannskontrakt frå 1881 viser. Det var den avgjerande årsaken til bestemte meg for å ta med begge bygningane.

Husmannskontrakt frå 1881 



Fjøsen sett frå nedsida

Vi ser tydeleg at vindauge er sett inn utan standard mål.
Stien bak fjøsen


Fjøsen sett frå baksida

Den lafta delen av fjøsen er den delen som tidlegare har vore husmannshus. Den andre delen er bygd på i senare tid etter at "Antona-huset" vart bygd. 

Kortsida av fjøsen, den gamle
husmannshus-delen. 
Kortsida av fjøsen, den nye delen.





















Terrenget på dette tunet er ganske ujamnt, det vert difor litt vanskeleg å få fotografert huset frå alle vinklar . Eg tok difor meterstokken fatt her òg. Eg målte høgd og lengd på heile huset, og storleiken på vindauga og avstanden dei har frå nedre list og frå kantlista på huset. Om vi ser på kortsida av huset ser vi ein vegg som stikk ut. Det er den gamle ute-doen. Den er halvvegs ramla ned, og eg veit ikkje korleis den opprinneleg såg ut. Eg valde difor å ikkje bygge den sidan eg ikkje var sikker på korleis den såg ut.

Huset og fjøsen skal altså byggast på ei isoporplate der eg skal skjære ut terrengkurvene før husa skal plasserast på plata. Hus og fjøs skal, etter mykje utprøving og vurdering,  byggast i målestokk 1:50. Det skal eg vise nærare i neste blogg-innlegg.

tirsdag 4. april 2017

Inngangsparti - teikneoppgåve

Privat hus 1

Offentleg bygning, Atløy skule
Klar for teikneoppdrag
Privat hus 2

Dagens oppgåve gjekk kort fortalt ut på at vi skulle undersøke inngangsparti på bygningar i nærmiljøet. Vi skulle i tillegg teikne ei skisse av desse inngangspartia. Når vi var ferdige skulle vi reflektere over korleis denne oppgåva kunne nyttast i skulen, og kvifor det var ei fin oppgåve å nytte i skulen. 

På vestlandet i dag har det blese friskt og regna sidelengs, men det stoppa ikkje meg. Eg tok på meg støvlar og regnkle og gjekk ut. Eg hadde med meg sketchboka mi og ein blyant og teikna mellom byene. Heldigvis letta det opp utover dagen. Teikning er ikkje mi sterkaste side, men eg såg at det å teikne hus og fleire geometriske former var mykje lettare enn å teikne mennesker og dyr.

Eg var inne og las på kompetansemåla i kunst og handverk for å sjå korleis dette kunne knyttast opp til læreplanen. Der fann eg at allerede etter 2. årstrinn skal elevane  kunne teikne hus frå nærmiljøet både forfra og frå sida. Dei skal òg kunne samtale om ulike typar hus og rom i nærmiljøet. Her passar oppgåva vi jobba med i dag kjempefint inn. Inngangspartiet kan jo sei så mykje om ein bygning, og dei som held til i bygningen. Her får elevane både reflektere over kva dei ser, og samtidig få enkle teikneoppgåver som dei meistrar. Eg er stor tilhengar av å flytte undervisninga ut av klasserommet sine fire veggar, det får eg òg utføre ved å nytte ei slik oppgåve. Eg kjenner at eg som framtidig kunst og handverkslærar vil bruke denne oppgåva på mine elevar. Under kjem bileta av mine flotte teikningar. 





onsdag 8. februar 2017

Arkitektur i nærmiljøet, bygging av modellar (del 2)

Her er altså huset eg har bestemt meg for å lage modell av. Dagens og gårdagens arbeid var følgande:

1: Eg drog mannen min med meg ut for å få hjelp til å måle opp alle utvendige mål på huset. Vi målte lengda på alle grunnflatene og høgda på endeveggane og påbygget ved inngangspartiet. Vi målte òg vindauga i huset. Dette huset var bygd på ei tid der dei gjorde det meste sjølv og det ikkje fanst noko standardmål på vindauga. Eg målte alle vindauga frå karm til karm, og avstand frå enden av husvegg og nedeste bordet i kledninga. Alle desse måla har eg teikna inn i sketchboka mi og omgjort dei til målestokk 1:50. (For å få det til gjorde eg måla om til cm og delte det på 50, då fekk eg cm måla eg måtte bruke på bygget mitt. Eksempelvis 6,35 meter vart til 635 cm :50 = 12,7 cm)

2: Deretter fotograferte eg huset frå åtte sider slik som arkitekt Gunnar viste oss på vedlegget til arbeidskrav 1. Eg hadde litt problem med å få det frå lik vinkel då det er noko høgdeforskjel på tomta, og eit uthus stod noko i vegen for meg slik at eg ikkje fekk den avstanden frå huset som eg ynskte. Dette vil skape litt utfordringar for meg når eg skal finne høgda på huset på dei to høgaste punkta.  Difor fann eg fram ein lang stige og sendte mannen min opp med målestokk for å få den riktige høgda.








Det neste eg gjorde var følgande:

Etter at eg hadde målt opp og rekna ut alle delane på buset mitt, lagde eg en modell for å sjå korleis målestokk 1:50 ville fungere for meg. Eg lagde modellen i papp og teipa den saman med maskeringstape. Eg såg fort at denne målestokken ville vere litt for liten sidan huset mitt er lite i utgangspunktet. Eg gjorde ei vurdering og bestemte meg for  å rekne ut alle måla mine i målestokk 1:25. Dette vert det neste steget i byggeprosessen min. Under finn du bileta av utprøvingsmodellen min i målestokk 1:50, denne gjorde eg ikkje heilt ferdig då eg såg at den vart for liten.