Mitt første møte med kunst og handverk var å arbeide med keramikk.
Det var ei spennande oppleving, spesielt sidan eg ikkje har arbeidd med dette
materialet sidan eg sjølv gjekk på ungdomskulen. Vi vart presentert for tre
teknikkar vi skulle prøve ut, noko eg i bakhovudet prøvde å tenkje at vi kunne
gjere saman med elevar frå 1. - 7. klasse. Teknikkane var tommelteknikk,
pølseteknikk og plateteknikk. Vi vart delt inn i tre grupper der vi skulle
utføre desse tre teknikkane på ulike stasjonar.
På den
første stasjonen skulle vi jobbe med plateteknikk der vi lagde ulike typar
flater, deretter prøvde vi ut ulik tekstur som t.d. blonder, strå, prikking og
anna type materiale som laga mønster på platene våre. Oppgåva i plateteknikk
var å lage ein liten vase. Eg valte å lage ein oval botn først. Deretter kjevla
eg ut ei samanhengande plate som eg festa rundt ovalen med slikkers. Slikkers er leire som er blanda ut i vatn.
Denne treng ein for å "spleise" saman to flater i keramikk.Eg prøvde
meg litt fram med ein blondeduk på overflata på vasen.
På den andre stasjonen skulle
vi prøve pølseteknikk. Det gjekk ut på å rulle jamne pølser som vi skulle bygge
opp til ei krukke. Der byrja eg med å sentrere ein leireklump på ein kavett ,
og deretter forma eg den som ein botn. Pølsene skulle byggast oppå kvarandre og
på den måten forme det ferdig produktet. Det var viktig å ha slikkers mellom
pølselaga, samt hugse å variere kvar skøyten på pølsene skulle vere slik at ein
ikkje får eit svak punkt der skøytane samlast i det ferdige produktet.
På siste stasjonen skulle vi
nytte tommeteknikken til å lage ein te-lysestake. Der skulle vi rulle ut ei
kule som skulle holast ut med tommelen og formast ut til ønska form. Dei
ferdige produkta varierte frå små te-lysestakar til store kunstverk. Mi var
lita og rund, og hadde masse hol i seg som eg hadde laga med ein syl.
Når eg sit og reflekterer over
teknikkbruken på slutten av dagen vil eg heilt klart seie at desse teknikkane
kan brukast saman med elevane på 1.-7. trinn. Eg ville gjerne begynt med tommelteknikken
og arbeidd meg vidare derifrå. Personleg hadde eg ein lærerik dag med mykje
øving, frustrasjon og meistringskjensler.
-Heidi-Bee-
