Etter at eg hadde
prøvd meg ut i ulike teknikkar som vev, tekstiltrykk og redesign, valde eg å
arbeide med redesign. Eg fekk litt idear då eg rydda i kleskåpet mitt. Der fann
ein tunika som aldri vert brukt, men som hjartet mitt hadde vondt for å kaste.
Den måtte eg vel kunne bruke til noko anna. Eg vart og inspirert av eit besøk
på dei Heibergske samlingar der vi fekk sjå broderi før og etter at industrien
tok til med bruk av syntetiske fargar. Dei selde og diverse broderimønster i suvenirkiosken,
eg reiste heim med eit slikt mønster i veska mi.
 |
| Tunika med mønster og metallperler |
 |
| Nærbilete av metallperlene |
 |
Hefte med historie om handlinet på bilete, samt mønster
som eg vil ta utgangspunkt i. |
No tok arbeidet til. Kva skulle eg produsere? Eg leitte etter inspirasjon på internett og studerte redesign med innslag av broderi. Medan eg prøvde ut, teikna og tenkte på korleis eg skulle nytte tunikaen best mogleg, måtte eg starte med broderiet mitt som eg ville ha som dekor på det ferdige produktet. Eg prøvde meg først fram med tekst i broderiform for å sjå om det var noko eg kunne bruke i kobinasjon med broderiet. Eg kom fram til at eg ikkje synast det passa inn, så eg la det fort vekk.
 |
| Utprøving av tekst i broderiet |
Eg tok utgangspunkt i mønsteret eg hadde kjøpt, men gjorde nokre endringar med fargane undervegs. Eg broderte òg inn nokre grøne perler for å gjere det litt meir spennande. Etter at eg var ferdig med broderiet tok eg til å studere tunikaen meir nøye, og etter litt fundering klipte eg laus nokre av metallperlene på tunikaen og sydde dei inn i broderiet mitt.
 |
Her skal metallperlene syast
fast i det ferdige broderiet |
 |
| Første stinga i broderiet mitt |
 |
| Ferdig sydde metallperler |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar