onsdag 8. februar 2017

Arkitektur i nærmiljøet, bygging av modellar (del 2)

Her er altså huset eg har bestemt meg for å lage modell av. Dagens og gårdagens arbeid var følgande:

1: Eg drog mannen min med meg ut for å få hjelp til å måle opp alle utvendige mål på huset. Vi målte lengda på alle grunnflatene og høgda på endeveggane og påbygget ved inngangspartiet. Vi målte òg vindauga i huset. Dette huset var bygd på ei tid der dei gjorde det meste sjølv og det ikkje fanst noko standardmål på vindauga. Eg målte alle vindauga frå karm til karm, og avstand frå enden av husvegg og nedeste bordet i kledninga. Alle desse måla har eg teikna inn i sketchboka mi og omgjort dei til målestokk 1:50. (For å få det til gjorde eg måla om til cm og delte det på 50, då fekk eg cm måla eg måtte bruke på bygget mitt. Eksempelvis 6,35 meter vart til 635 cm :50 = 12,7 cm)

2: Deretter fotograferte eg huset frå åtte sider slik som arkitekt Gunnar viste oss på vedlegget til arbeidskrav 1. Eg hadde litt problem med å få det frå lik vinkel då det er noko høgdeforskjel på tomta, og eit uthus stod noko i vegen for meg slik at eg ikkje fekk den avstanden frå huset som eg ynskte. Dette vil skape litt utfordringar for meg når eg skal finne høgda på huset på dei to høgaste punkta.  Difor fann eg fram ein lang stige og sendte mannen min opp med målestokk for å få den riktige høgda.








Det neste eg gjorde var følgande:

Etter at eg hadde målt opp og rekna ut alle delane på buset mitt, lagde eg en modell for å sjå korleis målestokk 1:50 ville fungere for meg. Eg lagde modellen i papp og teipa den saman med maskeringstape. Eg såg fort at denne målestokken ville vere litt for liten sidan huset mitt er lite i utgangspunktet. Eg gjorde ei vurdering og bestemte meg for  å rekne ut alle måla mine i målestokk 1:25. Dette vert det neste steget i byggeprosessen min. Under finn du bileta av utprøvingsmodellen min i målestokk 1:50, denne gjorde eg ikkje heilt ferdig då eg såg at den vart for liten.







mandag 6. februar 2017

Arkitektur i nærmiljøet, bygging av modellar. (del 1)

No har vi fått den første oppgåva vår i kunst og handverk dette semesteret. Emnet vi skal jobbe med er arkitektur og skapande prosessar. Sjølve oppgåva innan arkitektur seier :
Eg skal ta utgangspunkt i mitt eige nærmiljø, og finne ein bygning som eg vil bygge ein modell av. Målestokken og materialet er valfritt, men den ferdige dimensjonen skal vere maks 600 X 600 mm.


Eg byrja straks å sjå meg rundt i nærmiljøet etter ein stor bygning med detaljar som skilde seg ut i mengda, men eg måtte til slutt godta at eg bur der eg bur. Eg bur på ei øy med svært få store bygningar,  så dette er huset enda eg opp med til slutt:
 
Eg møtte ganske fort på ei utfordring. Sidan huset er såpass gammalt, og dei som bygde huset for lengst har gått bort, så finnast der ingen husteikning med mål på huset. Her må eg gruble litt for å finne riktige mål til å rekne om i målestokk.

Nytt semester. Arkitektur , ute/inne


Semester 2 er i gong, og vi er presentert for eit nytt tema: Arkitektur. Dette var svært spennande. Vi fekk utdelt ei ca. 50 * 50 cm stor isoporplate som vi skulle lage eit prosjekt av. Oppgåva var enkelt og greitt å lage eit ute/inne prosjekt av diverse materiale. Vi brukte alt frå papp-plater, bølgepapp, tre-pinnar og plast til tekstilrestar, maskeringstape og skinn. Eg arbeidde saman med Monika Hagheim , og vi bestemte oss for å lage eit utemiljø med fleire moglegheiter. Vi fekk utlevert ein figur som var skore ut i foamboard, denne figuren skulle vi bruke som utgangspunkt i diverse mål. Vi skulle sjå for oss at denne figuren var ein vaksen mann (ca 180 cm), så omgjevnadane måtte passe inn til denne figuren.

Den ferdige «hurtigmodellen» vår vart til slutt ein park med gapahuk og bålområde. Den inneheld og diverse leikeapparat til born, ei god gamaldags disse som er hengt opp i eity tre, ein sti og små gatelys for å lyse opp området også på kveldstid. Gapahuken har eit ganske så opent fronparti for å få det meste av naturen inni gapahuken. Det gir kanskje ikkje så mykje ly for vær og vind, men samtidig er man kledd for det været man går ut  og «det finnes ikke dårlig vær, bare dårlige klær»


Nå gledar eg meg til å ta fatt på arbeidskrav 1 , og så håpar eg at erfaringane mine som pepperkakehusbakar vil gje meg litt fordelar J.