Dette semesteret har vi arbeidd med å jobbe i skapande prosessar. Det
omhandlar så mykje meir enn å setje saman delar til eit ferdig produkt, det
krev prøving og feiling på vegen. Det krev planlegging, skisser, utprøvingar,
forkasting av utprøvingar og videreføring av idear. Eg har lært mykje om
skapande prosessar som eg no vil videreføre til mitt arbeid som framtidig
lærar. Om vi eksempelvis ser på design i kompetansemåla innan kunst og handverk
etter 7. årstrinn, fortel det oss følgande:
Kompetansemålet etter 7.årstrinn
Design
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
·
- lage enkle bruksformer i
ulike materialer og kunne gjøre rede for sammenheng mellom idé, valg av
materialer, håndverksteknikker, form, farge og funksjon
· - bruke formelementer fra ulike kulturer i utforming av gjenstander med
dekorative elementer
· benytte ulike teknikker til overflatebehandling av egne arbeider
· - bruke symaskin og enkelt elektrisk håndverktøy i en formgivingsprosess
· bruke ulike sammenføyningsteknikker i harde og myke materialer
· - vurdere design og industriell produksjon av kjente bruksgjenstander fra
hverdagen og gjennomføre enkle forbrukertester
Det eg ville gjort her var å legge opp arbeidet i
førarbeid, gjennomføring og etterarbeid. I førarbeidet ville eg presentere oppgåva, og deretter sett elevane til å lage 2-3 skisser av korleis dei vil at det ferdige produktet
skal sjå ut før dei lagar arbeidsteikningar. I gjennomføringsfasen lagar elevane
produktet og får bruke ulike reiskapar. Dei får prøve seg fram og finne
løysingar på problem, samt prøve, feile og jobbe sjølvstendig. I etterarbeidet skal elevane
vurdere sitt eige arbeid. Kva vart bra, kva vart ikkje bra, og kva burde dei gjort annleis? Til sist skal dei lage utstillingar av det dei har laga, og presenterer
munnleg for gruppa korleis dei har arbeidd med prosjektet sitt.