Det første eg
ynskte å gjere når eg skulle til å sy snøreposen min var å gjere klar lomma. Eg
hadde gjort ein stor feil då eg avslutta broderiet mitt, det var å sy ei ramme
rundt broderiet mitt noko som gjorde til at eg ikkje hadde noko saumplass på
broderilappen min. Det eg bestemte meg for å gjere då var å sy broderilappen
inn i ei ramme av svart stoff(eine armen på tunikaen.) Det eg då gjorde var å
klippe fire svarte lappar som eg sydde på broderilappen på alle fire sidene. Eg
la retta på stoffet mot retta på broderiet, nåla fast og sydde med rett saum. Etter
at eg hadde gjort det på alle fire sidene hadde eg fått ei ramme Det neste eg
gjorde var å klippe eit like stort tøystykke som ramma mi var, legge retta mot
retta og sy med rett saum rundt. Eg let det vere ei lita opning i den eine korte
enden slik at eg fekk lomma etterpå. Undervegs var òg eg ein racer med
strykejarnet for å få jamne fine kantar.
| Her målar eg opp kor stor eg vil ha rammarundt broderiet mitt før eg klipte opp delane til ramma. |
| Her har eg sydd rette mot rette, og skal til å vrengje lomma |
| Her er lomma ferdig sydd og plassertpå tøystykket som skal verte ytterposen. |
Måla på sjølve
snøreposen er 34*40. Eg kritta måla opp på tunikaen og klipte ut stoffet.
Deretter klipte eg ut to like store delar til fôret og. Eg sydde sikksakksaum
rundt kantane på alle fire stoffdelane før eg gjorde noko meir, for så å sy lomma på der eg ville ha
den. Akkurat der var eg litt i tvil sidan eg hadde ei side med metall-perler og
ei utan. I sjølve broderiet hadde eg òg teke inn nokre metall-perler, og
bestemte meg til slutt for å ha broderiet på den sida utan perler. Det og fordi
eg ikkje ville skjule den fine metall-perle effekten med den store lomma.
No tok sjølve
monteringa av snøreposen til. Eg la rettside mot rettside, festa med nåler og
sydde med rett saum ca. 1 cm inn på stoffet. Symaskina var ikkje heilt einig
med meg akkurat no, og eg forstod fort kvifor. Metall-perlene traff maskinnåla i
hytt og pine, noko som gjorde sjølve
syinga vanskeleg. I nedre del av posen ville eg prøve å lage ein
«botn» på eit vis. Då tok eg hjørna i botn av posen og bretta dei vinkelrett
inn mot midten av botnpartiet til eg fekk den ønska breidda eg ville ha, i
dette tilfellet 4 cm. Festa med nåler og sydde ein rett saum. Etterpå klipte eg
vekk det overflødige hjørnet. Etter at ytterposen var ferdig sydd, var
det fôret sin tur. I foret måtte eg la det stå att ei opning for at eg skulle
klare å vrenge posen til slutt. Elles fekk fôret same behandlinga med saum som
ytterposen, berre ca. 1.5-2 cm inn på stoffet når eg sydde rundt kantane.
| Her hadde eg merka av og festa med nåler der eg skulle sy for å få ein botn i posen min |
| Her skal fôret få seg botn og! |
Felles for begge posane var at vi måtte ha ei opning til løpegangen i toppen av
posen. For å få det til sydde eg 4 cm frå opninga av posen og ned, festa tråden
og klipte av. Deretter let eg det vere ei 3cm stor opning før eg fortsette å sy
saman ytterposen og fôret kvar for seg. Når eg kom nesten rundt stoppa eg 7
cm frå toppen, festa tråden og klipte av. Deretter begynte eg å sy att, 4 cm frå
toppen og sydde vidare heilt opp(sjå bilete).
| Her ser vi korleis vi har laga opning til løpegangen i fôret. |
| Her syast fôr og ytterpose sammen. |
| Ferdig sydd snørepose utan band. |
| Måle opp kvar løpegangen skal syast. |
| Løpegangen vert sydd. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar