Etter at leira var brent var det tid for glasering.
Glasering av keramikk gjerast etter at leira har vore råbrent. Vi brukte ein
type glasur som kom i pulverform og som skulle rørast ut i vatn til ein
mjølkeliknande konsistens. Glasuren kan påførast keramikken på ulike måtar. Ein kan male glasuren på keramikken, men ein kan òg
dyppe den i glasuren eller helle glasur over. Glasuren legg seg over keramikken
som eit pulverlag som smeltar i omnen.
Det er viktig å tørke eller skrape av all glasur på undersida av keramikken, elles
set den seg fast i omnen. Ein bør òg la det vere ca 1 cm frå botn av produktet
som ikkje er glassert sidan glasuren smeltar og vert rennande i omnen. Om ein påfører flasuren for langt ned mot botnen kan vi rissikere at det brenn seg fast inne i omnen.
Båtfatet fekk seg endå
ein omgang med sandpapiret, deretter måtte eg ta eit fargeval når det kom til
glasering. Eg ville difor ikkje påføre glasur på båtfatet før etter at eg hadde gjort nokre prøvefargingar utprøvingane mine. Eg ville ha ein blåfarge på fatet , men ikkje kva som helst slags blåfarge.
Etter at flisene
mine var ferdig brent hadde alle tre fått ein liten bøy i hjørna, så dei vart
ikkje heilt slik dei skulle. Eg burde nok ha laga nye, men eg bestemte meg for
å halde på dei tre flisene eg hadde. Kanskje dei hadde vorte heilt flate dersom eg hadde snudd dei under tørkeprosessen. Etter å ha studert prøveflisene mine, då
spesielt den eg hadde brukt begittning på var eg glad for at eg ikkje hadde
brukt denne teknikken på flisene mine. Penselstrøka viste og det
gav ikkje den overflata eg ynskte på flisene. Eg pussa dei ferdigbrente flisene
lett rundt kantane med sandpapir før eg la grøn glassur ned i omrisset og inni
sjølvet lauvet på flisene. Her tok eg ein sjans med glasur før eg hadde sett nokre utprøvingar med grønt, det var fordi vi berre hadde ein grønfarge og det var det eg ville ha på lauva mine. Resten av flisene pensla eg med blank glasur og
håpar at glasuren skal gå litt i kvarandre under brenning.
 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar