Etter mykje utprøving med materialet leire skal eg no arbeide
meg vidare med to konkrete oppgåver med leire som materiale. Arbeidet med
oppgåvene skal utførast i designutvikling.
Oppgåve nr. 1 var å designe å produsere eit objekt eg kunne
servere noko i eller på. Her kjende eg
at eg vart litt usikker. Eg prøvde å tenke både praktisk og mindre praktisk.
Kva skulle eg servere og til kven? Først laga eg eit enkelt flatt fat i plateteknikk. Fatet hadde hjertestruktur, og var svært enkelt. Dette var som ei utprøving, og då eg såg at dette var ein enkel prosess bestemde eg meg for å ta steget litt vidare, og gjere det litt meir avansert.
Etter mykje tenking og arbeid i sketchboka mi
bestemde eg meg for å lage eit båtfat til servering av reker og anna skaldyr.
Eg ville prøve å få fram noko som seier litt om meg og familien min, og sidan
mannen min er fiskar ville eg prøve å få til ein båt. Båten representerer ein
del av kvardagen vår. Teknikken eg bestemde meg for å bruke var plateteknikk,
då eg òg ser at denne metoden er grei å bruke for å få ein jamn tjukkelse på
produktet. Eg kjevla ut eit stort emne av leira etter at eg hadde jobba ut
eventuelle luftbobler. Eg brukte også her eit par lister med jamn høgde som eg
plasserte kjevla oppå for å få eit jamt resultat. Deretter la eg plastfolie
over ei glasform eg hadde. Leireemnet var lagt utanpå plastfolien og deretter arbeidd
jamt på plass til eg fekk det resultatet eg ynskte. Deretter vart fatet sett
til tørk. Det stod i eit mørkt og kjølig rom. Eg la eit stort stykke plast
laust over for at leira ikkje skulle sprekke, slik stod det i ei veke før eg
fjerna forma som heldt leira på plass. Deretter tørka det i halvanna veke til.
Etter at fatet var ferdig tørka brukte eg fint sandpapir til å få vekk dei
stygge kantane, og lage runde fine kantar.
| Dette fatet lagde eg i ein utprøvande fase for å sjå om eg kunne bruke tekstur i botn av eit fat. |
| Først prøvde eg å legge plastfolie inne i fatet, men eg fann fort ut at det var best å legge den utanpå fatet. |
Oppgåve nr.2 gjekk ut på å designe og produsere 3 veggfliser
med dekor. Flisene skal vere i ein serie med ein visuell slektskap, og kravet
til storleik er at dei skal vere 15 X 15 cm. Vidare skal dei ha ein dekor som
vi sjølv vel. Under arbeidet med flisene var det svært viktig å få dei jamne. For
å få hjelp til det måtte eg finne to lister med ca. 1-1.2 cm høgd som eg
plasserte ved sida av leira eg hadde arbeidd ut. Deretter plasserte eg kjevla
oppå desse listene når eg kjevla. På den måten fekk eg ei jamn overflate som
ikkje vart tynnare enn ca. 1 cm minus krympinga på 10-15% som er normalt under tørking
og brenning av leire. Etter at eg hadde fått kjevla ut og skore til flisene
mine på om lag 17 cm x 17 cm (medberekna krymping) skulle dekoren på plass.
Etter å leita etter inspirasjon på det store internett, og etter å ha prøvd ut
ulike typar tekstur og mønster bestemte eg meg for å lage eit enkelt lauv på
flisene. Dette lauvet skulle trykkast på flisene og deretter skulle omrisset
forsterkast med ei nål.
| Utprøving av ulik tekstur |
| Eit lauv som tekstur gav litt svak tekstur... |
| ...så då teikna eg opp linjene med ei nål |
| To av tre ferdige fliser. Klar til tørking og brenning. |
Etter dette skulle alle produkta til råbrann.
Medan eg arbeidde med dette arbeidskravet kjende eg på at dette er noko elevane kan bruke i kunst og handverk. Når eg vidare såg nærare på læreplanen i kunst og handverk vurderte eg det slik at elevar allerede etter 2.årstrinn burde ha vore borti design innan leire som materiale. Dei teknikkane vi har vore innom i arbeidet med leire er absolutt noko eg vil ta med meg inn i arbeidslivet mitt som kunst og hanverkslærar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar