 |
| Privat hus 1 |
 |
| Offentleg bygning, Atløy skule |
 |
| Klar for teikneoppdrag |
 |
| Privat hus 2 |
Dagens oppgåve gjekk kort fortalt ut på at vi skulle undersøke inngangsparti på bygningar i nærmiljøet. Vi skulle i tillegg teikne ei skisse av desse inngangspartia. Når vi var ferdige skulle vi reflektere over korleis denne oppgåva kunne nyttast i skulen, og kvifor det var ei fin oppgåve å nytte i skulen.
På vestlandet i dag har det blese friskt og regna sidelengs, men det stoppa ikkje meg. Eg tok på meg støvlar og regnkle og gjekk ut. Eg hadde med meg sketchboka mi og ein blyant og teikna mellom byene. Heldigvis letta det opp utover dagen. Teikning er ikkje mi sterkaste side, men eg såg at det å teikne hus og fleire geometriske former var mykje lettare enn å teikne mennesker og dyr.
Eg var inne og las på kompetansemåla i kunst og handverk for å sjå korleis dette kunne knyttast opp til læreplanen. Der fann eg at allerede etter 2. årstrinn skal elevane kunne teikne hus frå nærmiljøet både forfra og frå sida. Dei skal òg kunne samtale om ulike typar hus og rom i nærmiljøet. Her passar oppgåva vi jobba med i dag kjempefint inn. Inngangspartiet kan jo sei så mykje om ein bygning, og dei som held til i bygningen. Her får elevane både reflektere over kva dei ser, og samtidig få enkle teikneoppgåver som dei meistrar. Eg er stor tilhengar av å flytte undervisninga ut av klasserommet sine fire veggar, det får eg òg utføre ved å nytte ei slik oppgåve. Eg kjenner at eg som framtidig kunst og handverkslærar vil bruke denne oppgåva på mine elevar. Under kjem bileta av mine flotte teikningar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar