 |
Her prøver eg ut plassering av hus
på ei plate. |
 |
Her har eg teikna opp konturane av
hus og fjøs på plata. |
Eg har i fleire dagar stonga hovudet i veggen. Eg klarar ikkje å velge ut målestokken eg vil nytte på bygningen min. Arkitekt Gunnar foresler at eg kan ta med fjøsen/løa saman med "Antona-huset" sidan det står så tett opp i huset og høyrer på ein måte saman med huset. Problemet då vert at eg må heilt ned i målestokk 1:50 for å få plass på 600mm * 600mm. Eg synast då at huset forsvinn litt. Etter mykje tenking, rekning og frustrasjon måtte eg prøve ein annan vinkling på problemet mitt. Eg teikna opp grunnflatene på ei isoporplate med måla 600mm * 600 mm, eg snudde og vendte på husa, men ser at husa vert svært små. Så kva gjer eg? Lagar eg huset så stort at fjøsen forsvinn? Eller lagar eg dei så små at eg får plass til alt?
Etter ein samtale med svigermor, som er eit levande leksikon når det gjeld lokalhistorie, fekk eg greie på at fjøsen eigentleg er ein gammal husmannsbolig. Den vart bygd om til fjøs etter at "Antona-huset"vart bygd, så det har budd folk på dette g.nr i lang lang tid. Dette hjalp meg litt med avgjerdsla mi, I tillegg hadde eg enno ein samtale med arkitekt Gunnar Hageberg om kvifor eg ynskte å ta med fjøsen òg. Han meinte at det var eit godt val sidan den fjøsen oprinneleg var bustadhuset på plassen, noko ei husmannskontrakt frå 1881 viser. Det var den avgjerande årsaken til bestemte meg for å ta med begge bygningane.
 |
| Husmannskontrakt frå 1881 |
 |
| Fjøsen sett frå nedsida |
 |
| Vi ser tydeleg at vindauge er sett inn utan standard mål. |
 |
| Stien bak fjøsen |
 |
| Fjøsen sett frå baksida |
 |
| Den lafta delen av fjøsen er den delen som tidlegare har vore husmannshus. Den andre delen er bygd på i senare tid etter at "Antona-huset" vart bygd. |
 |
Kortsida av fjøsen, den gamle
husmannshus-delen. |
 |
| Kortsida av fjøsen, den nye delen. |
Terrenget på dette tunet er ganske ujamnt, det vert difor litt vanskeleg å få fotografert huset frå alle vinklar . Eg tok difor meterstokken fatt her òg. Eg målte høgd og lengd på heile huset, og storleiken på vindauga og avstanden dei har frå nedre list og frå kantlista på huset. Om vi ser på kortsida av huset ser vi ein vegg som stikk ut. Det er den gamle ute-doen. Den er halvvegs ramla ned, og eg veit ikkje korleis den opprinneleg såg ut. Eg valde difor å ikkje bygge den sidan eg ikkje var sikker på korleis den såg ut.
Huset og fjøsen skal altså byggast på ei isoporplate der eg skal skjære ut terrengkurvene før husa skal plasserast på plata. Hus og fjøs skal, etter mykje utprøving og vurdering, byggast i målestokk 1:50. Det skal eg vise nærare i neste blogg-innlegg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar