onsdag 8. februar 2017

Arkitektur i nærmiljøet, bygging av modellar (del 2)

Her er altså huset eg har bestemt meg for å lage modell av. Dagens og gårdagens arbeid var følgande:

1: Eg drog mannen min med meg ut for å få hjelp til å måle opp alle utvendige mål på huset. Vi målte lengda på alle grunnflatene og høgda på endeveggane og påbygget ved inngangspartiet. Vi målte òg vindauga i huset. Dette huset var bygd på ei tid der dei gjorde det meste sjølv og det ikkje fanst noko standardmål på vindauga. Eg målte alle vindauga frå karm til karm, og avstand frå enden av husvegg og nedeste bordet i kledninga. Alle desse måla har eg teikna inn i sketchboka mi og omgjort dei til målestokk 1:50. (For å få det til gjorde eg måla om til cm og delte det på 50, då fekk eg cm måla eg måtte bruke på bygget mitt. Eksempelvis 6,35 meter vart til 635 cm :50 = 12,7 cm)

2: Deretter fotograferte eg huset frå åtte sider slik som arkitekt Gunnar viste oss på vedlegget til arbeidskrav 1. Eg hadde litt problem med å få det frå lik vinkel då det er noko høgdeforskjel på tomta, og eit uthus stod noko i vegen for meg slik at eg ikkje fekk den avstanden frå huset som eg ynskte. Dette vil skape litt utfordringar for meg når eg skal finne høgda på huset på dei to høgaste punkta.  Difor fann eg fram ein lang stige og sendte mannen min opp med målestokk for å få den riktige høgda.








Det neste eg gjorde var følgande:

Etter at eg hadde målt opp og rekna ut alle delane på buset mitt, lagde eg en modell for å sjå korleis målestokk 1:50 ville fungere for meg. Eg lagde modellen i papp og teipa den saman med maskeringstape. Eg såg fort at denne målestokken ville vere litt for liten sidan huset mitt er lite i utgangspunktet. Eg gjorde ei vurdering og bestemte meg for  å rekne ut alle måla mine i målestokk 1:25. Dette vert det neste steget i byggeprosessen min. Under finn du bileta av utprøvingsmodellen min i målestokk 1:50, denne gjorde eg ikkje heilt ferdig då eg såg at den vart for liten.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar