Semester
2 er i gong, og vi er presentert for eit nytt tema: Arkitektur. Dette var svært
spennande. Vi fekk utdelt ei ca. 50 * 50 cm stor isoporplate som vi skulle lage eit prosjekt av. Oppgåva
var enkelt og greitt å lage eit ute/inne prosjekt av diverse materiale. Vi
brukte alt frå papp-plater, bølgepapp, tre-pinnar og plast til tekstilrestar,
maskeringstape og skinn. Eg arbeidde saman med Monika Hagheim , og vi bestemte
oss for å lage eit utemiljø med fleire moglegheiter. Vi fekk utlevert ein figur
som var skore ut i foamboard, denne figuren skulle vi bruke som utgangspunkt i
diverse mål. Vi skulle sjå for oss at denne figuren var ein vaksen mann (ca 180
cm), så omgjevnadane måtte passe inn til denne figuren.
Den ferdige «hurtigmodellen»
vår vart til slutt ein park med gapahuk og bålområde. Den inneheld og diverse
leikeapparat til born, ei god gamaldags disse som er hengt opp i eity tre, ein
sti og små gatelys for å lyse opp området også på kveldstid. Gapahuken har eit
ganske så opent fronparti for å få det meste av naturen inni gapahuken. Det gir
kanskje ikkje så mykje ly for vær og vind, men samtidig er man kledd for det
været man går ut og «det finnes ikke dårlig
vær, bare dårlige klær»
Nå gledar eg meg
til å ta fatt på arbeidskrav 1 , og så håpar eg at erfaringane mine som
pepperkakehusbakar vil gje meg litt fordelar J.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar